Døv skulegut - ressursar eller vilje?


 
Tilsvar til Volda kommune
I avisa skriv Jarle Krumsvik og Karin Heggen, adm. sjef og skulesjef i Volda kommune, eit lesarinnlegg for å kommentere dei tidlegare reportasjane om vår sak som Sunnmørsposten har skreve dei siste vekene. Vi som foreldre vil gjerne kommentere nokre av dei punkta dei har tattt opp.
Før vi i det heile tatt vurderte å ta det dramatiske valet å gå til avisa med vår frustrasjon, har vi gått mange runder med oss sjølve, personar i teiknspråkmiljøet og PPT, som er den same fagkompetansen som skulen og skulesjefen benyttar seg av.
Det å måtte kome fram til at media er det einaste valget vi sitt igjen med, stikk djupt for ei ellers utslitt familie. Vi skulle så gjerne brukt all vår energi på å utvikle guten vår, istadenfor den meiningslause kampen.
Det som skuffar og forundrar oss mest i denne turbulente tida, er at til tross for lovnadar om oppfølging og tilbakemelding etter det omtalte møtet 6. juni, har vi ikkje blitt kontakta i det heile. Det undrar oss om skulesjefen veit like lite om lovverket, som ho etter henna eige utsagn i Sunnmørsposten 1. juni, meinte at ho kjende til saka.
Vil her referere til opplæringslova § 5-4 ---- Tilbod om spesialundervisning skal så langt råd er, formast ut i samarbeid med eleven og foreldra til eleven, og det skal leggast stor vekt på deira syn.
Sjokket var og stort når vi las i avisa at skulesjefen og adm. sjefen refererte til dette møtet, som er eit tausheitsbelagt møte. I staden for å informere oss, jobbar dei skyhøgt over oss, utan å ta omsyn eller lytte til oss som veit «kvar skoen trykker»..
Skulesjefen/adm. sjefen seier Volda kommune har god teiknspråkkompetanse i grunnskulen. Kvifor har ikkje guten vår da eit forsvarleg skuletilbod? Kva har kompetanse på «teikn til tale» i saka med vår gut som treng teiknspråk å gjere? Kven i kommunen vurderer kva som er god teiknspråkkompetanse?
«Den omtalte eleven ved Mork skule har hatt full oppdekking med eigen lærar/assistent med godkjend teiknspråkkompetanse. I tillegg har kontaktlæraren til eleven godkjend kompetanse.»
Tilbodet til guten vår dette året, har vore ein lærar og ein assistent med godkjend teiknspråkkompetanse. Men det er ikkje rett at der i tillegg har vore ein kontaktlærar med godkjent teiknspråkkompetanse.
Assistenten som kom inn etter at assisteten/tolken slutta har ikkje den kompetansen som trengst ifølge dei rammene som PPT har sett for opplegget rundt guten vår.
Det er ikkje vi foreldre formelt som har tatt guten vår ut frå skulen. PPT og psykolog Peter Zehentbauer vurderte tilbodet som fagleg uforsvarleg og til skade for guten.
Oppseiinga til assistenten/tolken kom til kommuna 16.2. -05. Er det ikkje da naturleg å lyse ut stillinga prompte? Og/eller prøve å legge til rette for ei stilling som nokon kan leve av. Så vidt vi foreldre veit, har ingenting blitt gjort.
Volda kommune skriv dei har laga ei erstatning i dei få vekene som står att av skuleåret, med kjende personar med god teknspåkkompetanse.
a) Den eine personen skulesjefen her siktar til, har kun tre veker med faglig opplæring i teiknspråk. Er det godt nok?
b) Har skulen forståing for kva guten vår treng, når dei ikkje ein gong lyttar til sin eigen fagkompetanseressurs, PPT? Dei har i hvert fall tilbydd oss foreldre og slekt lærarlønn for å passe guten vår dei dagane han ikkje hadde nokon på seg p.g.a vakanse. Skal det vere så enkelt å kjøpe seg fri frå et ansvar?
Skulesjefen og adm. sjefen viser til pressa si eigen «ver varsam-plakat» og nærmast, i våre auge, anklaga journalisten for å ha ein eigen agenda, og at saka er feil framstilt slik at Volda kommune kjem i dårleg lys i media.
Kva er meir sakelig enn å sleppe til ordet alle partar i saka, som t.d. foreldre, rektor, skulesjef, assistenten som sa opp, PPT og adm. sjef? Dette for å få alle sider av saka fram.
Samstundes som PPT blir knebla av tusskapsplikta, til tross for våra forsøk på å løysse dei, «plaprar» rektor og skulesjefen ut i avisa utan å påberope seg tausskapsplikta, som dei so enkelt kunne ha gjort.
Om ein tek seg tid til å lese sakspapira, eller noko so enkelt som avisinnlegga rundt saka, ser vi enkelt at Skulesjefen snakkar rundt seg sjølv, når det gjeld sin tillit til PPT som skal vere skulen sin fagkompetanseressurs.
Først seier skulesjefen at ho vil konferere med fleire fagfolk og spesialistar.. Er dette fordi ho ikkje har tillit til dei fagfolk og spesialistar som er inne i saka?
Har skulesjefen da i tilfelle kontakta fleire fagfolk?
Så seier skulesjefen at ho i samråd med PPT meiner at opplegget ut året er forsvarleg for guten vår, og om psykologen meina noko anna, får han ta det på si eiga kappe. Er skulesjefen klar over at psykologen er innhenta som spesialist av PPT for å forsterke kompetansa på akkurat dette området?
Har skulesjefen sjølv komeptanse på dette området som overstiger PPT og psykologen? Her er mange spørsmål vi som foreldre kan stille til skulesjefen si vurdering og behandling av denne saka, men vi foreldre er ikkje ute etter å sverte nokon, men for å få belyst denne kampen slik at vi og andre i liknande situasjonar, skal sleppe å gå gjennom dette i framtida...
KRISTIN SKJERET STENNES
(mor) og
HÅVARD OLSEN STENNES
(stefar)
 

Kilde : Sunnmørsposten avis