Skuletilbodet til døv gut i Volda


 
Tilpassa undervisning. Tysdag 14. juni var det ein artikkel om den døve tredjeklassingen Kristian Skjeret Mork i Volda. Han er no tatt ut av skulen avdi tre fagfolk har vurdert det til at Volda kommune ikkje har klart å sikre eit stabilt skuletilbod for han, og at det difor er betre at han held seg heime ut skuleåret.
Skulesjef Karin Heggen uttalar til avisa at guten heile tida har hatt det tilbodet han har krav på. At døvetolken er slutta i stillinga si og at tre fagpersonar har uttala at tilbodet ikkje er godt nok, gjer tydelegvis ikkje inntrykk på skulesjefen.
Skulesjefen viser til at det framleis jobbar ein teiknspråkkyndig lærar på skulen, og stiller seg difor undrande til at eleven blir halden heime.
Eg stiller meg undrande til kvar skulesjefen har fått sin plutselege kompetanse på dette området frå. I førre veke uttala ho at kommunen jobba på spreng med å finne ei løysing for eleven. Ettersom skulesjefen no uttalar at eleven «har fått det tilbodet han har krav på», kan ein slå fast at ho må ha fått mykje ny og banebrytande kunnskap på dette området. Det er visst ikkje naudsynt for eleven at han har ein tolk som kan oversetje det som skjer i klassesituasjonen. Og uttalingane til tre fagpersonar veg visst heller ikkje opp mot den kompetansen skulesjefen no har tileigna seg.
Eg er kjend med at tolketenesta for døve ikkje er rådspurt i det heile i denne saka, om dei hadde blitt kontakta kunne kommunen fått nyttig informasjon
Om ein elev som er avhengig av teiknspråk ikkje lenger har ein tolk, så er det etter mitt syn nok til å seie han ikkje lenger har det tilbodet han har krav på. At det finst ein lærar på skulen som kan noko teikn er i utgangspunktet ikkje eit tilstrekkeleg tilbod. For at det tilbodet skal vere tilstrekkeleg må læraren for det første ha ein teiknspråkkompetanse som er på eit akseptabelt nivå. For det andre må han vere med eleven i alle timane. For det tredje må han fungere som ein tolk, ikkje berre som ein lærar. Det skal ikkje vere slik at eleven berre får med seg det som læraren seier. For å få eit akseptabelt utbyte i ein læringssituasjon som det klasseromsundervisning utgjer, er det naudsynt at den døve eleven får med seg alt som vert sagt i klasserommet.
Heggen seier at «vi har eit godt og forsvarleg opplegg for guten fram til sommarferien. Dersom psykologen er av ei anna oppfatning, så får han stå for den vurderinga sjølv. Slike ting kan ikkje vi på skulekontoret leggje oss opp i».
På den eine sida seier Heggen at skulekontoret ikkje vil leggje seg opp i vurderinga til psykologen, som seier at opplegget til guten ikkje er forsvarleg. På den andre sida seier ho at opplegget er «godt og forsvarleg». Det krevst ikkje mykje logikkunnskapar for å sjå at skulekontoret altså legg seg opp i det som skulesjefen seier dei ikkje skal leggje seg opp i.
« Det er uaktuelt for oss å justere opp stillingsbrøkar utover det vi har behov for», seier Heggen.
Kommunane har plikt å gje eit tilstrekkeleg tilbod til alle elevane dei har i skulen. Når ein døvetolk i årevis ikkje har hatt full stilling så tyder det på at Volda kommune i heile denne tida ikkje har oppfylt det lova pålegg dei å gjere.
Adler Andersen
Kontaktperson for Tolkeforbundet i Nordvestlandet Regionlag

 

Kilde : Sunnmørsposten avis