Eidsvatnet

Etter ei jamn stigning opp frå Eidsdal sentrum flatar dalen seg ut, og ein kjem fram til det idylliske Eidsvatnet der det er vel verdt å ta ein rast. Det ligg 422 m.o.h., og er eitt av dei mest nytta fiskevatna på Sunnmøre. Her kan ein kjøpe fiskekort og prøve fiskelykka frå land eller leige ein robåt.
Vatnet er omkransa av høge fjell, noko som gir eit dramatisk bilete. Fjellformasjonane er unike, spesielt på austsida av vegen. Skorene (1850 m) er blant dei høgste og mest særprega fjella på Sunnmøre. Fjellet er taggete, og tre avsatsar er skilde av to veldige "skorer".
Naturen er storslått, eit idyllisk vatn omkransa av ville fjell. Veldrivne gardar ligg rundt vatnet. Rundt delar av vatnet er det fin gangveg. Ein kan nytte Eidsbrua som utgangspunkt for mange fine fjellturar.

Torebuda

I Eidsdal sentrum finn du Torebuda, ein daglegvarebutikk av den gode gamle sorten, med personleg service over disk.
Butikken har tradisjonar heilt tilbake til 1885, særpreget i butikken er også frå den tide.