Døv skulegut får betre skuletilbod

 
Etter eit møte med foreldra til ein døv gut ved Mork skule tysdag, tok ordførar Ragnhild Aarflot Kalland affære i saka. Etter eit nytt møte onsdag løyste saka seg. - No er vi utslitne, men svært glade, seier foreldra.
 

 
Skrevet av: Knut Arne Aarset (onsdag, 22.juni 2005 20:06)

 
Per Kristian Skjeret Mork (9) vil få eit godt og spesielt tilpassa opplegg når han til hausten blir fjerdeklassing ved Mork skule. Stefaren Håvard Olsen Stennes har vore med og kjempa ein hard kamp for tilbodet til guten.

 
Saka om den døve tredjeklassingen Per Kristian Skjeret Mork på Mork skule i Volda toppa seg førre måndag, då psykolog Peter Zehentbauer rådde til at guten vart tatt ut av skulen ut skuleåret.

Psykologen støtta seg også til vurderingar frå fagfolk ved PPT-kontoret i Volda, då han rådde til at guten burde takast ut av skulen. Overfor Sunnmørsposten grunngav Zehentbauer det dramatiske tiltaket med at skulen ikkje makta å gje guten eit forsvarleg og stabilt nok tilbod.

Siste freistnad
Skulesjef Karin Heggen sa til Sunnmørsposten at ho fann denne løysinga underleg. Ho hevda at skulen sitt tilbod til guten var godt nok, og det beste dei kunne få til på kort tid. Tredjeklassingen vart etter psykologen si tilråding teken ut av skulen siste sju skuledagane før ferien.

Foreldre og slektningar måtte byte på å ta seg fri og vere heime i lag med han. Der stod saka fram til tysdag for to dagar sidan. Då oppsøkte foreldra ordførar Ragnhild Aarflot Kalland på hennar kontor, i fylgje dei sjølv som ein siste freistnad på å kome i dialog med kommunen før ferien.

Ordføraren tok tak
Håvard Olsen Stennes, stefar til Per Kristian Skjeret Mork, har engasjert seg veldig for den døve guten og mor hans, Kristin Skjeret Stennes i denne saka.

- Eg har vore medlem i denne familien siste tre åra, og har verkeleg fått sjå kva kamp det kan innebere å ha eit døvt barn. Eg var aldri i tvil om at også eg ville yte mitt. No vart vi endeleg tatt på alvor, etter at ordføraren tok skikkeleg grep i saka, vurderer Stennes. Han meiner dette vart avgjerande.

- Skulekontoret har ikkje tatt kontakt ein einaste gong etter at vi to gonger stod fram med den fortvila situasjonen vår i Sunnmørsposten. Dette har skuffa oss veldig. Kommunen har også nekta PPT-medarbeidarar å uttale seg fagleg, med visning til teieplikta, medan dei sjølv fritt har kommentert saka frå sin ståstad.

Berre ein halv time etter møtet vårt med ordføraren tysdag, ringde skulesjefen og varsla eit møte om saka dagen etter, fortel Stennes.

Takkar og bukkar
Møtet kom til på direkte initiativ av ordførar Ragnhild Aarflot Kalland, som også leidde møtet. Alle impliserte partar og instansar var til stade, bortsett frå psykolog Zehentbauer som ikkje kunne møte på så kort varsel. Eit svært letta foreldrepar kunne forlate møtet i går ettermiddag.

- Vi følte endeleg at vi fekk respons og respekt for vår syn i saka. Vi fekk tilsegn om eit vesentleg forbetra opplegg kring Per Kristian frå hausten. No vil han mellom anna få ein eigen teiknspråkkyndig person i alle timar på skulen. Ei ekstra gledeleg vending er at han også vil få ressursar for tilvenjing i god tid før neste skuleår tek til. Det treng han verkeleg, seier stefaren og oppsummerer:

- Det var akkurat dette vi no kjempa for: Å få spikra eit trygt og forutseieleg opplegg. Og ikkje minst: Få gardert oss mot at guten vår måtte flyttast til ein annan skule frå hausten, slik det har vore vurdert frå skulekontoret i det siste.

No er vi berre uendeleg letta og glade. Vi vil takke både skulekontoret og ordføraren for løysinga vi fekk, seier Håvard Olsen Stennes.

Kilder : Sunnmørsposten avis