Døv tredjeklassing tatt ut av skulen

 
Tredjeklassingen Per Kristian Skjeret Mork (9) må haldast heime frå Mork skule ut skuleåret, fordi Volda kommune ikkje maktar å sikre eit stabilt tilbod til den døve guten.
 

 
Skrevet av: Knut Arne Aarset (tirsdag, 14.juni 2005 07:06)

 
Døve Per Kristian Skjeret Mork er no tilrådd av psykolog og fagfolk frå PP-tenesta å halde seg heime frå skulen, etter at Volda kommune ikkje har makta å sikre tredjeklassingen eit stabilt skuletilbod.

 
Sunnmørsposten skreiv i førre veke om ein svært vanskeleg skulesituasjon for Per Kristian Skjeret Mork. Han vart døv etter ein hjernehinnebetennelse då han vart 1 ½ år gamal. I tillegg er det indikasjonar på at guten har generelle vanskar med språkforståinga. Grunna dei store kommunikasjonsproblema dette inneber, viser han også åtferdsvanskar. Fordi Volda kommune ikkje har makta å sikre guten eit stabilt skuletilbod har tre fagfolk, med psykolog Peter Zehentbauer i spissen, no vurdert det som best at han held seg heime ut skuleåret.

Døvetolken sa opp
Guten sin faste døvetolk frå han var to år gamal sa i mai i år opp jobben etter å ha fått berre ein liten deltidsstilling. Tolken sa til Sunnmørsposten at ho med dette kjende seg trakka på av Volda kommune, og at ho ikkje lenger kunne leve med personalpolitikken som aldri resulterte i anna enn ei laus deltidsstilling.

Skulesjef Karin Heggen har ansvaret for tilbodet til alle skuleborna i kommunen. Då Sunnmørsposten for ei veke sidan spurde skulesjefen om saka til den døve tredjeklassinen på Mork, sa Heggen at ho kjende for lite til saka til å ta stilling. Ho sa også at ho ville konferere med fagfolk, og at kommunen har rikeleg med lærarar som er teiknspråkkyndige.

Sjukmeld tredjeklassing
Rektor Karl Erik Ølnes ved Mork skule sa på si side at han forstod problemet med manglande kontinuitet i oppfylginga av guten, men at han ikkje hadde budsjett til å tilby døvetolken hans utvida stillingsprosent. Både Heggen og Ølnes hevda dei lite kunne gjere med at døvetolken sjølv hadde sagt opp stillinga si.

No viser det seg at fleire fagfolk, mellom anna guten sin psykolog, har gitt kraftige åtvarigar i saka sidan tidleg i vår. Det er mellom anna formidla fleire brev til skulekontoret om Per Kristian Skjeret Mork sin spesielt sårbare situasjon, brev Sunnmørsposten har fått tilgang til.
- Etter at døvetolken hans slutta i midten av mai, har Per Kristian gradvis mista funksjonen sin og no har det vorte heilt umuleg, seier mora Kristin Skjeret Stennes.

Umuleg framlegg
Medan skulesjef Karin Heggen førre fredag sa til Sunnmørsposten at kommunen har rikeleg med godt utdanna døvetolkar, er ingen av desse no tilgjengeleg til å gjere ein jobb ved Mork skule. Kristin Skjeret Stennes seier ho ikkje ser korleis situasjonen kan løysast.

- No er eg berre fortvila. Ikkje fekk vi løyst situasjonen for resten av skuleåret og eg ser med gru fram mot neste haust, etter den ansvarsfråskrivinga vi har opplevd. Frykta vår for kva som ville skje om døvetolk Sissel Humberset slutta i jobben har no slått ut i det verst tenkjelege resultat for Per Kristian, seier mora.
- Skulesjefen kasta ut eit framlegg om kanskje Per Kristian burde flyttast til ein barneskule i Volda sentrum for å drage vekslar på kommunen sine fast tilsette teiknspråkkyndige. Skulle Per Kristian på den måten bli rykt ut av sitt trygge og kjende nærmiljø, ville situasjonen kunne verte håplaus, vurderer mora.
 

Kilde: Sunnmørsposten avis