Krev strakstiltak for døv skulegut

 
_ Om ikkje anna nyttar skal eg syte for at denne saka endar på helseministeren sitt bord. At ein tredjeklassing må haldast heime frå skulen er både sjokkerande og skammeleg i skulekommunen Volda.
 

 
Skrevet av: Knut Arne Aarset (onsdag, 15.juni 2005 00:06)

 
Kommunepolitikar Jon Georg Dale (Frp) i Volda. (Foto: Knut Arne Aarset)

 
Dette tordnar Jon Georg Dale, gruppeleiar for Framstegspartiet i Volda kommunestyre. Dale seier han vart både sjokkert og rysta av saka, der Sunnmørsposten i går skreiv om døve Per Kristian Skjeret Mork (9) som må halde seg heime frå Mork skule ut skuleåret. Grunna mangelfullt støtteapparat på skulen har fleire fagfolk, med psykolog Peter Zehentbauer i spissen, vurdert at det kan vere til skade for guten å møte opp til undervisninga.

Kommunepolitikar Jon Georg Dale meiner dette er ein uhøyrt situasjon og han krev no omgåande tiltak.

- Det var så vidt eg orka å lese heile denne saka i avisa, eg vart utslått av det som her ser ut til å ha fått lov til å utvikle seg over tid. At ein tredjeklassing som i utgangspunktet vil gå på skule, ikkje får dei rammevilkåra han treng for dette, kan eg på ingen måte akseptere som politikar i Volda. I denne saka bør ting no skje uhyggjeleg raskt, krev Dale.

Dette gjer han på vegner av partigruppa si, som hadde telefonmøte om saka tysdag ettermiddag.

- Berre ein einaste dags fråvær fordi skuletilbodet ikkje er godt nok, særleg når behovet er kjent og dokumentert av fagfolk, er ein dag for mykje. Det går ikkje an for ein skulesjef å seie at kommunen har eit godt tilbod, når ein heilt synbert og vitterleg ikkje har det, insisterer Dale.

Han seier seg også svært kritisk til at foreldra til guten ser ut til å kunne bli stilt eit vanskeleg val i utsikt:

- Dersom det blir lagt opp slik at foreldra anten må velje mellom å halde guten i sitt trygge og kjende nærmiljø på Mork, eller at han må sendast til ein sentrumsskule for at kommunen skal få utnytta kapasiteten sin på fagfolk, då er det noko som er fundamentalt feil. Eg vil krevje at skulesjefen omgåande flyttar dei fagfolka ho seier ho har overskot av, dit dei no trengs mest. Det vil vere fallitt om denne tredjeklassingen må ta sommarferie utan å få runde av i lag med dei andre elevane, seier Dale.

Dale seier vidare at han i går ettermiddag tok kontakt med ordførar Ragnhild Aarflot Kalland.

- Ho var på møte i fylkestinget, men lova å ta saka opp med administrasjonssjefen straks onsdag morgon. Dersom det ikkje umiddelbart vert tatt tak i saka frå kommuneleiinga, tek eg sjølv kontakt med våre stortingsrepresentantar. Møre og Romsdal fylke bør også inn i denne saka. Får ikkje denne eleven det tilbodet han treng og har krav på, skal denne saka heilt til topps og til helseministeren, insisterer Jon Georg Dale.

Kilde: Sunnmørsposten avis